Active-ten på Brandøy

50 deltakarar
8.-11. august var 50 deltakarar samla til ungdomsleir på Brandøy. Me hadde flotte dagar saman; koste oss inne og ute.
Bra vèr
Vèret vart mykje betre enn meldt, så kjekt med sol og varme då det var tid for bading og vannski.
Bibeltimar og program
Lars Magne Ådnanes hadde bibeltimane med tema «Følg meg». Det var teambuilding, kiosk, kafè og delestund, kveldsmøter, grilling nede ved stranda (fantastisk oppleving) og alt som elles høyrer leir til. Flott gjeng å vera med. Veldig kjekt var det også at me hadde med oss eige band. Det løftar heile leiren. Leirsongen var «I will follow» v/Chris Tomlin.
Fleire ungdomsleirar i vente… 🙂
Velkommen til neste ungdomsleir som er 1.-3. nov (8.-10. kl), hausttreff 15.-17. nov. (10. klasse og oppover) eller ungdomshelg på Helgatun 6.-8. desember (8. klasse og oppover) — Her kan du sjå fleire bilete (58 bilder)