Endeleg er vi klare til å invitera deg til Damehelg igjen! Etter nokre litt rare år gler vi oss nå til å kunna møtast, sjå kvarandre, lytta til kvarandre og Gud, strikka, eta god mat og le i lag.

På denne sida ynskjer vi å samle all informasjon om Damehelg så her er berre å bla seg nedover til du finner svar på det du treng. Skulle du lure på noko du ikkje finn svar på så ta veldig gjerne kontakt med oss [klikk her]

Påmelding og prisar finn du her.

Kvilepuls

Har du KVILEPULS eller treng du KVILEPULS! Tema denne gongen er i alle fall KVILEPULS! Vi har fått med oss Gerd-Kari Sund frå Veavågen. Ho er vernepleiar og lærar og oppteken av livet, nåden og kvile.

For oss leiarar er eit av måla at du som kjem skal reisa heim og tenkja at du har hatt ei helg med:

  • PÅFYLL – gjennom talar, samtalar og det som vart delt
  • INSPIRASJON – til livet med Gud i kvardagen
  • UTFORDRING – til å leva livet tett med Gud
  • AVSLAPPING – med senka skuldre, kaffi og sjokolade

På damehelg er det fint å ha med strikketøy, bibel og klede til eige bruk. Husk spesielt om du vil ut på tur å ha med sko og klede til det. Til festmiddagen må du veldig gjerne ta med deg ein hatt du kan ha på hovudet.

Elles kjem du med heile deg, og vi håpar du skal kunna reisa heim med senka skuldre etter gode møter med Gud, medmenneske og deg sjølv. Hjarteleg velkommen til DEG!