25.-27. september vert det Haustmøtehelg. Me startar med Go`fredag; ein festkveld med smil og alvor. Konferansier Tore Hjalmar Sævik, journalist i Dagen – og humorist og gitarist, leier oss igjennom kvelden. Tale ved Aksel Lygre over temaet «I Guds nærleik». Ein trio frå Bømlo beståande av Hanne Synnøve Tislavoll, Marta Marcol Havn og Ragnhild Nesse syng med og for oss. Gled deg også til haustsuppe med focaccia etterfulgt av dessertar. Alt skjer etter gjeldande smittevernreglar.

Laurdag vert Runar Landro med som talar. Runar er pastor i Fredheim Arena og forsamlingskonsulent ImF. Kl 1630 vert tema «I Guds kjærleik – når Jesus blir synlig for oss», og kl 1930 vert temaet «I Guds kraft – å gjera Jesus synleg for andre». Lovsongsteam frå Fitjar vert med på siste møtet.

Under Go`fredag set me ei maksimumsgrense på 100 personar. Påmelding her.

Til dei andre møta er det ei maksimumsgrense på 200 personar. Alle vert registrerte med namn og tlf.nr. Påmelding til desse møta kan skje her.

Søndag vert det lokale haustmøte. Sjå plakaten om du finn eit nær deg.

Her er program for heile helga. Hjarteleg velkommen!