IMS har mottatt oppseiing frå ungdomssekretær Jakob Saghaug og barnesekretær Ingfrid Byrkja Hystad, gjeldande frå 1. august.

Ingfrid har jobba seks år i IMS, fem av dei som barnesekretær. Ho har jobba mykje med leir, administrert barne- og familiearbeidet til IMS, hatt ansvar for nettsida, vore ute på talaroppdrag m.m.

Jakob har jobba tre år som ungdomssekretær, samt eit år som T2-elev før det. Jakob har hatt ansvar for ungdomsarbeidet til IMS, herunder leir, Pit stop, konfirmantarbeidet, samt vore ute på talaroppdrag m.m.

 

Me takkar for trufast teneste, og ynskjer Guds velsigning over liv og kvardag vidare.

Me jobbar med korleis me løyser situasjonen framover.