Brandøy Misjons- og konferansesenter på Bjoa jubilerer i år! I 50 år har Brandøy først og fremst vore ein leirplass for Indremisjonssamskipnaden (IMS), men her har også vore mange forsamlingsweekendar, slektstreff, bryllaup, konfirmasjonar, stevner, og så vidare. I fjor hadde Brandøy 5978 gjestedøgn.

Vi gler oss no til å markera 50-årsjubileet 20. og 21. august 2016! Vi ynskjer velkommen til konsert med Garness laurdag 20. august kl 18.00. Søskena Linn Borgny og Benjamin Andreas Andresen Røen vil også delta på konserten. Billettar vert selde i døra.

Søndag 21. august vil vi markera jubileet saman med den tradisjonsrike Brandøydagen. Det vil verta festmøte kl 11.00 med tale av Ingebrigt S. Sørfonn, song av søskena Røen, musikk av G17-musikarar frå Skjold, og fleire kjekke innslag. Kl 14.30 rundar vi av helga med familieshow med Tore Thomassen og offentleggjering av vinnarar av jubileumslotteriet til Brandøy. Mellom søndagsmøta vert det matsalg og aktivitetar.

Eigedomen som Brandøy er bygt på, vart i si tid gitt i gåve frå Amanda Hauge til Samskipnaden. I fleire år hadde Samskipnaden hatt leirar rundt i ulike bygder i Sunnhordland, med mykje jobb med klargjering og opprydding rundt kvar leir. Ein fast leirstad i Sunnhordland hadde difor vore eit stort bøneemne for mange, og i 1965 kunne byggjearbeidet med nettopp ein slik leirstad begynna. Den flotte tomta med stort grøntareal, sjøline og skogsområde har vore til stor glede for mange born, unge og vaksne sidan det første bygget vart vigsla og teke i bruk 21. august 1966.

Sidan 1966 har det også kome fleire påbygg, og uteområdet har vorte opparbeida mykje. Opphavleg heitte leirstaden «Brandøy Ungdomsheim», men fekk i 2015 namnet «Brandøy Misjons- og konferansesenter». Ein del har forandra seg med tida på Brandøy, men føremålet er det same framleis: At Brandøy skal vera ein plass der det er lagt til rette for å gå «med Guds ord til folket», slik IMS sin visjon også er.

Hjarteleg velkommen til å feira Brandøy sitt 50-årsjubileum med oss!