Brandøydagen 17.august

 

Velkommen til Brandøy

 

Komande søndag 17.august er du velkommen til Brandøy, Bjoa, til det som me naturleg har kalla Brandøydagen. Det er flott å møtast på leirstaden søndag rundt skulestart. Fleire hundre, unge og vaksne, vil finna program og mat etter sin smak. Skjermbilde

 

Brandøy er eigd av IMS, Indremisjonssamskipnaden, og er i år 48 år. I fjor hadde leirstaden 6123 gjestedøgn. Kyrkjelydar og forsamlingar leiger Brandøy til konfirmantleirar, bygdeweekendar og anna. Sjølv arrangerte IMS i fjor 13 barne- og ungdomsleirar, pluss dame-/kvinneweekend, vårtreff for eldre, leiartreningshelg og dugnadsweekendar.

 

Det vert to møte på Brandøydagen; eit Stormøte føremiddagen kl 11, samtidig som det vert eiga barnesamling. På ettermiddagen vert det Familietreff kl 14.30. John Kristian Rolfsnes talar på Stormøtet, og Johannes Olsen på Familietreffet. Solo ved Elin Rolfsnes. Elisabeth Gregersen, Lill Inger Velde og Ingrid Tveit leier allsong, samt bidreg med song.

 

Denne dagen vil du møta det som høyrer Brandøy til; sosialt samvær med nye og gamle venner, andakt, song og musikk, god mat og leik og moro. Det vert sal av lapskaus og kaker, og kiosken er open. Nyt gjerne det vakre uteområdet vårt. Er det stygt vèr, er det boltreplass i gymsalen. Vil du leggja til bryggja med båt, har du anledning til det. Velkommen til Brandøy!