Brandøydag med arbeidarsamling/program dagen i forkant

Velkommen til to innhaldsrike dagar på Brandøy, anten du vil få med deg alt eller deler av helga:

                                

Laurdag kl 1530 vert det temasamling med Ole Bjørn Landsverk, lærar v/ Staffeldsgate i Oslo. Vel verdt å høyra på! Samlinga blir open for alle, spesielt håpar me at styremedlemmer og tilsette m/evt ektefeller prioriterer denne. Så vert det middag, konsert med Sveinung Andersen og dessertbord. Det vert ikkje organisert barneopplegg laurdagen, men me har gymsal og kjekt uteområde. Me håpar at det myldrar av liv på Brandøy denne helga, både vaksne og yngre. Sjå infoplakat om Brandøylaurdag 2017

Søndag er den årlege Brandøydagen 2017 med to innhaldsrike møter, god matservering med middag og kaker. Talarar er Ingebrigt Sørfonn kl 11 og Lise Marie Thuestad Litlabø kl 14.30, JOY frå Bømlo skal syngja for oss og det blir song og musikk. Godt fellesskap og mykje aktivitet. Me satsar på utevèr, det vert iallefall leik og moro mellom møtene. Og eit flott høve til å sjå Brandøy: same flotte plassen men likevel i ei stadig utvikling. Alle velkomne!

Det er høve for alle interesserte å overnatta på Brandøy laurd – søndag. Alle betaler for dette. Påmeldingane er godt i gong, og det kan bli fullt, så meld deg gjerne på overnatting her. (Det er no sett strek for påmelding til til middagen på laurdag, fullt hus! men det er framleis ledige rom for overnatting, og god plass på konsert)