Brandøyhelga 2019

Brandøyhelga 2019 nærmar seg!
 
Laurdag 24. august ynskjer vi velkommen til seminar med Svein Helge Bergfjord kl 16.00-17.30. Tema er «Herrens tenestefolk» og tek for seg bedehushistoria. Kl 18.00 vert det middags- og dessertbuffet, og kl 19.30 held kvelden fram med konsert med Morten Samuelsen, «Med salmer i sentrum». Så er det moglegheit for kaffi og drøs utover kvelden! Vi håpar mange vil overnatta på Brandøy til sundagen.
 
Sjølve Brandøydagen er sundag 25. august. Her vert det festmøte med tale av Ragnar Ringvoll, og speedleir for borna. I pausen etter stormøtet vert det sal av lapskaus, pølser, kaffi, kaker og kioskvarer, samt aktivitetar for borna. Kl 14.00 rundar vi av helga med familiemøte med Marit Andresen Røen.
 
Det er påmelding til middags- og dessertbuffeen og overnattinga. Konserten kan også førehandstingast.
 
Velkommen til Brandøy😊