BULK 2015 ”Å følgja..”

17.-18. januar var det tid for årets BULK, ei fin samling der deltakarane har veldig ulike utgongspunkt, men der fellesskapet nettopp difor er veldig godt. Her er god spredning i geografi, alder og daglege utfordringar i kristent arbeid.

IMG_5253

Me var om lag  55 i talet, litt varierande gjennom helga, alle med ynskje om å lære, få påfyll, bli utfordra og være ein del av fellesskapet. Otto Dyrkolbotn frå ImF-UNG var med oss. Han er tilsett som lagskonsulent og bidrog med innleiing til gruppesamtale der me deler frå arbeidet. Men først og fremst hadde han to fine bibeltimar for oss.

Tema for bibeltimane var ”å følgja etter” og ”å følgja Jesus”. Me høyrde om det å være disippel, om å ha ein personleg relasjon med Jesus. Dersom me bruker tid til bibel og bøn vil me kunne likna Jesus meir og andre vil kjenna oss igjen som disiplar gjennom prioriteringane våre. Fordi Gud vil oss alt godt og vil bruke oss i sitt arbeid kan me frimodig gå ut og følgje misjonsbefalinga frå Jesus. Den Heilage Ande vil gi oss kraft og rettleiing. Tenk at Gud har noko for oss kvar dag! Me går glipp av noko dersom me ikkje jamleg spør kva ynskjer, gleder og utfordringar Gud vil vise oss.

Laurdag var Olav Eikemo med oss på BULK. Han hadde seminar om nådegåver. Gjennom nydelege naturbilete og god formidling fekk me alle god innsikt i kva for eigenskapar Gud har gitt menneske, at me skal få lov å ta imot gåvene og bruka dei til glede og velsigning.

BULK var òg fylt med god mat, fint sosialt fellesskap, mykje moro i hallen og spennande samtalar. Team frå Bildøy var med, dei tok ansvar for lovsong, informerte frå Bildøy bibelskule, hadde aktivitetar i hallen og song for oss. Veldig kjekt å ha dei med i gjengen. Laurdag kveld hadde me ei fin delestund  og søndag avslutta me med middag. Takk for ei fin helg!