Dåp i Samnanger misjonsforsamling

Første påskedag var det ei flott hending i bedehuset i Samnanger. Søstrene Greta og Gabriele Zdnciute vart døypte. Desse modne jentene har, trass sin unge alder, lagt for dagen eit ganske vakse engasjement for si tru på Jesus. Når dei no ville døypast var det etter at dei sjølve hadde funne ut gjennom si bibellesing at dette måtte til!

Første påskedag er frå gammalt ein dåpssøndag, og forsamlinga i bedehuset visste å setja pris på denne dagen med eit godt frammøte. Dagen starta med påskefrukost og vart avslutta med gratulasjonar, kaker og kaffi.

I dåpsmøtet tala Mali-misjonær, NLM, Bergfrid Almelid, og ho fokuserte på at Jesus er oppstått frå dei døde og lever i dag. I dåpen ligg det ein sterk symbolikk der me vert «gravlagde med Kristus og oppreiste til eit nytt liv».

Familien Zdancius kom frå Litauen til Samnanger i 2011. Faren til jentene, Andrius, har vore tilsett som møbelsnikkar ved Faginnredning desse åra, no i det siste er både han og kona engasjerte ved leristaden Sætervika.

Første dåpen i bedehuset i Samnanger var i 2007, seinare har fleire kome til og før sommaren er omme, rundar vi 10 døypte i forsamlinga vår.

Rune Espelid