Me ynskjer å starte 2018 med å setje Brandøy i stand for eit nytt år, slik at me kan ta imot gjester frå fjern og nær på ein mest mogleg presentabel måte. Dette treng me hjelp til, og DU er velkommen til å bidra. Me har små og store oppdrag, for heile eller deler av tida. Du stiller med lyst til å hjelpa (og kanskje noko utstyr?), me stiller med gratis mat, arbeidsoppgåver og overnatting om du treng. Viktig med PÅMELDING HER slik at me kan planleggje litt. Sjå gjerne Facebooksida til Brandøy for meir informasjon. Velkommen!