Dugnadshelg Brandøy 30.okt-1.nov

Det er snart tid for dugnadshelg på Brandøy igjen! Og du kan melda deg direkte på her. Mange oppgåver står på lista, og så håpar vi at kvar og ein som kjem kan finna ei oppgåve som kan vera kjekk å halda på med. Her skal det vera mogleg å finna arbeidsoppgåver for folk i alle aldrar og med ulike interesser. For dei aller minste vil det bli tilbod om barnepass, slik at foreldra kan få hendene frie til å jobba dugnad.

I år håpar vi å få gjort blant anna ein del skogsarbeid, reparera leikestativet, kosta og rydda ute for sesongen, måla litt både ute og inne, merka golvet i hallen, vaska og rydda i leiker og baka litt – for å nemna noko av det som kan gjerast.

 

Tidspunktet for helga er 30. oktober-1. november. På fredagen møtest vi til god mat og drøs, familiesamling og planlegging av laurdagen. Laurdag vert sjølve dugnadsdagen, med dugnad på dagtid, og middag, kake- og dessertbord, underhaldning og utlodding på kveldstid. Sundagen avsluttar vi helga med frukost og familiemøte.

 

Vi håpar at akkurat du vil ta turen til Brandøy denne helga! Her har vi bruk for alle! Ta med verktøy og eventuelt verneutstyr til oppgåver du vil vera med på, sengetøy og handkle, eit bidrag til dessert- og kakebordet, gevinst til utlodding, godt humør, familie og gode vener.

 

Påmelding skjer til Indremisjonskontoret på telefon: 53 41 07 04, eller mail: post@indremisjonen.no