Ein viktig temakveld på Sagvåg Bedehus

Søndag 29. september – kl. 19.30

Tema:
«En kurv til min datter – om tradisjonsformidling i heimen.»

Song og musikk ved Heidi Rolfsnes og Britt Kristin Ladehaug

Anne Karin Rudjord Unneland er Førstelektor i pedagogikk ved NLA Høgskolen Bergen.
Det blir fokus på trusopplæring i heimen. Korleis vi som familie eller enkeltpersonar kan leve med i kyrkjeåret og høgtidene. Om korleis vi blir danna gjennom det vi både høyrer, ser, lukter og smaker…

Tru på heimebane
Det handlar om korleis vi kan bruke dette med tradisjonar som innføring i den kristne trua. Unneland vil ta for seg korleis vi kan praktisere vår kristne tru, med vekt på ei praktisk og konkret tilnærming.

Dette er eit veldig aktuelt tema
Les for eksempel:
– Storsatsing på åndelig liv i hjemmet
– Aftensang og bordbønn
– De er fortsatt aktive kristne

Kjem du?
Målgruppa for kvelden er foreldre og besteforeldre som ynskjer å være med å gje vidare det beste til barn og barnebarn.

Velkommen til Sagvåg Bedehus!