Med bakgrunn i vedtak frå årsmøtet på Fitjar i 2016 og vedtak i IMS-styret i april 2018, har styret for Helgatunlia Borettslag jobba fram prosjektet med bygging av 74 leiligheiter, fordelt på 6 bygg, i lia over Helgatun. Prosjektet er byggeklart med planlagt oppstart for grunnarbeidet i august 2019.

Prosjektet vart grundig presentert i årsmøtet på Stord 22. juni 2019, og det vart informert om tilbod om finansiering gjennom Sparebanken Vest. Banken har strenge retningslinjer, og når ei foreining skal stå som kausjonist må det heimlast i eit årsmøtevedtak. Dette er bakgrunnen for at vi kallar inn til Ekstraordinært årsmøte, torsdag 8. august kl. 18.00 på Leirvik Bedehus. Vi håpar mange utsendingar har anledning å møte sjølv om det er både sommar og ferietid. 

Ynskjer du tilsendt sakspapira kan du senda mail til post@indremisjonen.no (i ferietida vert mailen lest sporadisk)

Du kan melda på utsendingar her