Familiedugnadshelg på Brandøy

Helga 8. – 10. november satsar vi for fullt på ny dugnadshelg på Brandøy! Har du lyst å vera med?

Dersom du har lyst å vera med på ei fantastisk kjekk helg full av arbeidsglede og sosialt fellesskap, ja, då er dette rette staden å vera denne helga. Du betaler ingenting for å vera med, berre dugnadsinnsats. Denne gongen har vi byta ut den amerikanske auksjonen med god gamaldags basar, her vert det treårer og «risteapparat». Det einaste er at vi håpar dei som kjem har med seg ein gevinst eller 10 til basaren. I tillegg så er eitt av høgdepunkta i helga (utanom dugnaden då!) det rikhaldinge kake- og dessertbordet vi lagar til laurdag kveld. Dette òg er heilt avhengig av at du som kjem tar med deg eit bidrag. Så her er det dugnad på alle plan!

Vi har lagt opp ei allsidig liste over oppgåver som skal utførast, så her er det arbeid for alle.

Dersom du har lyst å snekra litt, så har vi bruk for deg! Vi satsar på å få gjort ferdig dusjveggene på dei siste 8 romma.

Likar du å mura, ja, då skal det lagast bord og benker utanføre inngongspartiet.

Viss du likar å vera med å vaska, då har nok Sigrun både vaskefiller og bøtter klare.

Synest du det er godt å få rusla rund å gjera vinterklart, då har vi mange oppgåver som skal gjerast.

Då håpar vi veldig du har lyst å fylla bilen med heile storfamilien og vera med! Det er berre å ringa til Kontoret på tlf. 534 10704 og melda seg på eller du kan gå inn på nettsida vår www.indremisjonen.no og gjera det der, eller trykk HER.