Flott innsats og mykje folk innom IMS sine julemesser

Kvart år vert det arrangert to julemesser til inntekt for IMS; på Tysnes og Bremnes. Her får du lese og sjå litt av det flotte som var på julemessene dette året.

20 års jubileum på Tysnes

 I år har me 20 års-jubileum fortel Harald Heie. Sjølv har han vore messegeneral i alle desse åra. Me fekk brev frå dåverande sekretær Kåre Steinsund om me ville starta messe. Og me tok utfordringa, fortel Harald. Det er komen inn kr 1.131.000,- på 19 år. I etterkant har me fått vita at på årets messe 21.-22. november kom det brutto inn kr 86.658,-. Messa starta fredag kveld med møte og åresal. Hagaviktroen song, og Marit Hårklau Ådnanes var invitert til å vera talar i løpet av messedagane. Laurdag føremiddag hadde ordførar Kjetil Hestad helsing, og barnekoret på Tysnes song. På ettermiddagsmøtet var det song av Knut Inge Røen, som også hadde med eigen pianist. Heile fem åresal, pause med sal av graut og kaker, gjorde sitt til at mange fekk innhaldsrike timar saman på Våge bedehus også laurdagen.

 

Messegeneral Harald Heie saman med Kirsten Nesse, leiar i Uggdal Indremisjon.

Messegeneral Harald Heie saman med Kirsten Nesse, leiar i Uggdal Indremisjon.

500 lefser til messa

13 dagar har dei brukt på å baka lefser til messa; heile 500 stk. – Me starta klokka fem om morgonen, fortel Solveig og Hans Møllerup Skaten frå Onarheim. Sjølv ynskjer dei ikkje så mykje merksemd rundt bakinga. – Og me baka ikkje heile dagen fortel Solveig. Men når me først hadde laga ein «deig», sat me fire timar, så tok me gjerne ein pause, før me starta på neste deig.  50 pakkar à 10 lefser var stabla under bordet, og lefser var populært då salet starta etter første møtet laurdag.

 

Lefsebakarane: Solveig og Hans Møllerup Skaten

Lefsebakarane: Solveig og Hans Møllerup Skaten

Bremnes hadde si 41. messe

Det er Bjørg M. Mæland som fortel dette. Ho har vore «varageneral» i mange år. I år sakna eg generalen Oddvar Pedersen, fortel Bjørg, som var forhindra i å vera med grunna gravferd. Den første messa vart halden i 1974. Messa er for heile Bømlo, og me har folk med i komitèen frå dei fleste stader på øya, fortset Bjørg. Me er også heldige som har fått med oss nokre yngre krefter. På Laurhammer hadde dei juleverkstad måndag i forkant av messa der dei laga produkt for sal. Mange gjer ein stor innsats for messa. Også på Bremnes varte messa i to dagar, og den vart halden på Bremnes ungdomsskule. Fredag 28. november var det møte med åresal. Tidlegare res.kap. i Bremnes, Erling Kopperud, var invitert som talar fredag og laurdag. Kerysso frå Auklandshamn song fredag kveld, ei gruppe frå kantoriet under bibeltimen laurdag, og barnekoret Lydius under familiemøte seinare på dagen. Her var det andakt av Johannes Olsen. Brutto kom det inn kr 170.300,-. SunnBok var representert på begge messene. På Tysnes vart det solgt for kr 7.158,- og på Bremnes ca 10.500,-.

 

Her er nokre av komitèen til julemessa på Bremnes, fleire av dei andre flittige var opptekne då fotografen vitja;)

Her er nokre av komitèen til julemessa på Bremnes, fleire av dei andre flittige var opptekne då fotografen vitja;)

Tusen takk!

Ei lita takk og helsing frå IMS v/Marit Hårklau Ådnanes: Når eg no har vore innom begge messe og sett alt som er laga av flotte produkt, alle som har stilt opp på dugnad, både i forkant, under messa og i etterkant, må eg berre få seia TUSEN TAKK! Eg er mektig imponert!

 

Mykje folk samla

Mykje folk samla