For tredje året på rad vert det Forsamlingskonferanse i Norheimsund. Konferansen vert noko utvida tidsmessig, og det vert også lokale innslag der me får høyra om arbeidet i fleire av bygdene. Det vert dessutan ei økt der ein kjem saman i interessegrupper og deler tankar og spørsmål omkring arbeidet. Så vert det fellesøkter med undervisning av Johannes Olsen, Knut Kvamme og Marit Hårklau Ådnanes. Vidar Sangolt m.fl. leier i lovsong.

Me håpar og trur at dette blir eit viktig treffpunkt for personar som er engasjert i arbeidet, og interesserte elles.

Alle som vil er hjarteleg velkommen til konferansen.

Du finn program for dagen her, og påmelding her.