Framnes

«Denne skulen er ein heim, og denne heimen er ein skule!»

Visjon

«Framnes kristne vidaregåande skule er ein inkluderande skule og heim der alle trivest,
blir møtt med tillit og respekt og får vener for livet.
Elevane opplever personleg vekst, fagleg utvikling og eit godt åndeleg felleskap.»

Kva kan me tilby deg?
Framnes Kristne Vidaregåande Skule er ein internatskule med ca. 260 elevar. Om lag 200 bur på internatet. Skulen vert driven av Indremisjonsforbundet og Indremisjonssamskipnaden. Skulen ligg i Norheimsund i Hardanger

Me ynskjer å drive ein god fagleg skule med eit godt sosialt og åndeleg miljø.

Alle skal trivast på Framnes.
Ein skuleprest og miljøarbeidarar legg til rette for at du kan ha noko å fylle fritida med på Framnes.

På kveldstid kan du delta i bibelgrupper, møter, ulike idrettsaktivitetar, leik og moro i gymsalen, seminar, konsertar m.m. Noko arrangerer skulen, men mykje vert arrangert av elevane sjølve. Framnes er bra utstyrt for dei som likar å drive idrett, men me kan også tilby noko for den musikkinteresserte.
Framnes samarbeider godt med aktørar i bygda og det er kort veg til skisenter både i langrenn og alpint/telemark.

Vil du vite meir om skulen vår, Framnes, sjå deira nettside www.framnes.vgs.no