Glimt frå jubileum på Helgatun

Stor stemning og mange folk samla til jubileum
Søndag 11. august feira Helgatun 40-årsjubileum. Mange var møtt fram denne dagen, og fleire hadde også overnatta frå laurdagen.

Program og kollekt
Mellom føremiddagsmøte og konsert med team Sulebakk, var det sal av lapskaus og kaker. Berre føremiddagen kom det inn over kr 54.000 i kollekt. Det kjem vel med når Helgatun skal til å byggja nytt kjøken.