Marit har vært på lagsbesøk!
No kan du lese og sjå glimt frå kva som skjer på Auklandshamn, Gilje, Fitjar og Sagvåg.

Yngres, Auklandshamn
Annankvar tysdag er det yngres i Auklandshamn kl 1800-1930. Denne kvelden i november var 11 unge møtt fram, men fleire er på medlemslista. Ein fin tradisjon dei har hatt i mange år, er at ein av medlemene sjølv skriv referat frå kvelden og pyntar i «referatboka». Kjekt minne å ha til seinare, og også kjekt at det blir lese opp på neste yngresmøte, i tilfelle nokon ikkje var sist. Etter møtedel med song og andakt, er det tid for skillingsboller. Så vert det leikar (ikkje lett å få strikken under haka!), øving til adventssamling og arbeid på hobbytinga dei gjer klar til basar. Solbjørg Jacobsen har vore leiar i godt over 30 år, men ho har også med seg tre andre gode medhjelparar denne kvelden. Og det er alltid stas å ta handbak med ein av leiarane…

Glimt frå yngres i Auklandshamn:

[nggallery id=4]

Lagsmøte på Gilje
Kvar laurdag kl åtte til midnatt samlast rundt 40 ungdomar på Gilje bedehus til lagsmøte. Denne kvelden er det ei lita gruppe frå Bømlo Ten-sing som syng, og i andakt får dei høyra om at me alle er verdifulle, for Gud og for kvarandre, men dessverre samanliknar me oss ofte med kvarandre og rangerer verdien deretter. Etter andakt er det tid for teambuilding. Heile bedehuset myldrar av liv; her er det om å gjera å samarbeida godt i gruppa. Kven kan på kortast mogleg tid laga pyramide av pappbeger? Flytta bøtte med vatn ved hjelp av tau osv.
Seinare er det tid for varmrett; «Hot surprise» som er kjøttdeig m/tacokrydder og creme fraiche, pluss tacochips m/ost. Knallgodt! Ingerid Innvær er den store organisatoren og leiaren i Gilje IUF, men kvar laurdag stiller fleire vaksne som leiarar, og ikkje minst er dei unge sjølve flinke til å bidra på lagsmøte. Denne kvelden er det ungdomane som leier møtedel, leikar og sel mat. Fleire konfirmantar er også tilknytta Gilje IUF, då dei har det som «miljøtiltak». Kvelden vert avslutta med «ord for natta».

Glimt frå Lagsmøte på Gilje

[nggallery id=3]

Klubben, Fitjar
Annankvar torsdag i oddetalsveker samlast ein stor gjeng 5.-7. klassingar på Fitjar bedehus. Det er tid for «Klubben». I oppstarten, for nokre år sidan, søkte Klubben om prosjektmidlar frå ImF-ung, og fekk tildelt fleire tusen kr, slik at dei kunne kjøpa inn ulikt utstyr. Bl.a. vart det kjøpt inn bane med elektriske bilar. I starten av kvelden deler borna seg inn i ulike grupper; scrapping, fotogruppe, airhockey og bilbane i kjellaren. Ei gruppe er også på kjøkenet og lagar mat. Etter endt aktivitet er det tid for møtedel med synging og andakt. Etter at dei har sunge sin kjære «lagssong» med sprell, er det tid for å høyra om Moses. Ein lydhøyr gjeng fylgjer med. Kjerstin Stokken og Marianne Aarbø er primus motorar for Klubben, men dei har fleire vaksenleiarar med seg som leier kvar si aktivitetsgruppe. Kvelden vert avslutta med mat som matgruppa har laga.

Glimt frå Klubben:

[nggallery id=2]

Ope hus, Sagvåg
Annankvar onsdag i oddetalsveker er det Ope hus for ungdomar i Sagvåg. Rune Petterteig har i mange år vore primus motor for Ope hus. Kjartan Myhre er også med som leiar. Ungdomane samlast nede i den nyoppussa kjellaren. Her er det laga til ei eiga lita «luke» for luftgeværskyting. Air Hockey er også på plass. Denne kvelden har dessutan Rune gjort klar «Vinn på minuttet» på daten. Ulike øvingar skal fullførast innan eitt minutt; konkurranseinstinktet er stort både hos ungdomane og barne- og ungdomssekretæren 😉
Grandiosa står på menyen. I andakten vert det fortalt om Sakkeus, og me vert utfordra på kva denne forteljinga har å seia for oss i dag.

Glimt frå Ope Hus:

[nggallery id=1]