Glimt i auga og gløtt av himmel

No vert IMS sin revy sett opp igjen! Dette historiske spelet vart sett opp første gong under sommarens storsamling på Husnes, som ein del av IMS sitt 150-års jubileum. Det er skrive og regissert av Ryfylke Livsgnist, som òg står bak det meir kjende «Vandring i Bedehusland» på Finnøy. No har du høve til å få sjå misjons- og bedehushistoria gjennom 150 år ispedd ein god porsjon humor, altså med glimt i auga og gløtt av himmel. Skodespelarane er glade amatørar med større eller mindre grad av fortid i IMS. Her ligg mykje øving og arbeid bak, og reaksjonane etter premieren var fantastiske! Billettane ligg no for salg både til Stord 20/9 og til Norheimsund 27/9.

NO ÒG MED EKSTRA-EKSTRA-FØRESTILLING PÅ STORD 21/9 !!

Linkar til billettkjøp ligg for Stord her og for Norheimsund her. Du finn dei òg ved å gå via kalenderen 🙂

Plakat revy Stord og Norheimsund_ENDELEG_FERDIG