«Glimt i auga og gløtt av himmel»

Fredag 20.juni er det premiere på «Glimt i auga og gløtt av himmel» – eit tilbakeblikk på 150 års historie om IMS. Her kjem det fram mykje frå bedehus, leir og organisasjonen vår, presentert med både humor og alvor. Dette blir absolutt verd å få med seg!Det er Ryfylke Livsgnist med Arne Nordbø, Tor Øyvind Skeiseid og Silje Vignes Flesjå som har utarbeidd denne revyen for oss. Dei har dukka djupt i vår historie og skrive eit manus som me gler oss til å sjå framført. Ein fin gjeng glade amatør-skodespelarar frå våre samanhengar har øvd i månader fram mot den store framvisninga. Dei fortèl om øvingar med både latter og gråt, og at dei har vorte mykje betre kjende med IMS.

Plakat revy

Sjå plakaten for info, billettar kan kjøpast på SunnBok, Kvinnherad bibliotek, tingast på IMS-kontoret eller kjøpast i døra.

Sjå eller Facebook-eventen https://www.facebook.com/events/760853253935307/?ref_dashboard_filter=upcoming

Her er noen glimt av de som er med: