God sommar!

Det nærmar seg ferietid, også for oss i IMS.
Før me tar ferie, vil me nytta høvet å ynskja deg god og velsigna sommar.
Takk til alle som var med og gjorde Sommarens Storsamling så flott. Takk for viktig og oppmuntrande fellesskap!
Her hadde me fokus på fast givarteneste. Me er svært takknemlege for 35 nye faste givarar (enten nye eller givarar som auka beløpet).
IMS-kontoret er stengt veke 28-31.