– Har lenge tenkt på kva Gud vil med oss og Helgatun

Nytt styrarpar til Helgatun;
Hildur Alice og Trond Håkon Sandvoll

Oppe f.v.: Hildur Alice, Anja, Iselin, Trond Håkon. Nede f.v. Ingve, Askild og Vemund

Oppe f.v.: Hildur Alice, Anja, Iselin, Trond Håkon.
Nede f.v. Ingve, Askild og Vemund

Møt det nye styarparet som tar over på Helgatun frå januar 2016. Alt frå hausten flyttar Hildur Alice til Helgatun med dei tre minste borna, og vert då Solveig Norheim sin medarbeidar. Les meir!

Godt kjent med Helgatun
Me er heime i stova til Hildur Alice og Trond Håkon Sandvoll på Askøy; nytt styrarpar på Helgatun frå januar 2016. Me er godt kjent med Helgatun, fortel Hildur Alice. – Både Trond Håkon og eg var der mykje i ungdommen og arbeidde. Me arbeidde i mange feriar over fleire år. Me feira også bryllaupet der. Trond Håkon er nevø til tidlegare styrar Ingvard Sandvoll; han vart difor i ung alder engasjert og glad i Helgatun. Det same gjeld Hildur Alice. – Eg fekk vera mykje på Helgatun sjølv om eg var for ung til fleire oppgåver, fortel ho. Både Haldis (Sandvoll) og meg hadde stor respekt for skjæremaskina på kjøkenet – så den fekk eg ikkje bruka i starten. Eg budde på nybygget – nr 9 minnest ho. Sidan ungdomen har me med jevne mellomrom vore innom temaet: «Kva vil Gud med oss og Helgatun?» Me var med på juleavslutninga på Helgatun i desember. Då var det avslutning og takk til Anny, samtidig som det også var bøn for Helgatun og vegen vidare. Me kjente også på det då, seier dei. «Er dette noko for oss?» Då telefonen kom om me ville vurdera å gå inn som styrarpar, var det ikkje ein uventa telefon, samtidig kom den også litt brått på.

Stor familie med fem born
Hildur Alice og Trond Håkon har fem born i alderen 6 – 17 år. Eldstejenta Iselin (17) går på Framnes. Dei andre borna bur heime. Yngstemann byrjar på skule til hausten. Familien har difor valt å dela seg komande år. Hildur Alice flyttar til Helgatun med dei tre yngste borna  Vemund (6), Askild (8) og Ingve (10). Anja (15) fullfører ungdomsskulen i Bergen og bur heime med faren, og med farmor som bur i kjellarleiligheten i same hus. Hildur Alice vert ny medarbeidar saman med Solveig Norheim frå 1. september. Trond Håkon flyttar opp til hausten 2015. Dei overtar som styrarpar frå 1. januar 2016, då Solveig går av med pensjon. – Me har mykje å læra, så me er glade for at det vert god overlapping, er Hildur Alice tydeleg på.

Sjukepleiar og ingeniør (pluss handyman)
Hildur Alice er i dag fagansvarleg sjukepleiar og har ansvar for dagleg drift av Askøy legevakt og eit stort fastlegesenter. Mesteparten av jobben går ut på å administrera arbeidet. Minus fødselspermisjonar har ho 16 års røynsle frå legevaktteneste i Bergen og på Askøy. Trond Håkon er ingeniør og jobbar hos ingeniørfimaet Reinertsen på Sandsli (Bergen). Han er nestleiar på instrumentavdelinga som leverer teneste mot offshore. Trond Håkon og Hildur Alice bekreftar begge at Trond Håkon er «handyman» – noko som kan koma godt med på Helgatun.

Aktiv og musikalsk familie
Då me (Solveig Norheim og Marit H Ådnanes) er på besøk er det køyring til fotballtrening og Hildur Alice og dei to minste gutane skal snart på barnekorøving, der Hildur Alice spelar piano og er medleiar. Trond Håkon spelar bassgitar, Anja fløyte og Ingve saksofon. Tilsaman kan dei starta eit heilt lovsongsorkester på Helgatun.

Timinga er perfekt
Me har hatt travle år med småborn i mange år no. At eg i tillegg har hatt helgevakter, har gjort at me har kunna engasjera oss lite på Helgatun dei  seinare år, fortel Hildur Alice. Borna har reist på leir, slik har dei også blitt glade i Helgatun. Den siste tida har Iselin og Anja også jobba fleire helger og feriar på kjøkenet på Helgatun. Borna er positive til at me flyttar, samtidig er me spente. Det er viktig at me brukar tid i starten på å «gå oss inn». Førstkomande måndag skal førsteklassingane møtast på skulen, og ein spent Vemund er klar. I tillegg vert Askild og Ingve med til Sundve og Oppheim skule slik at dei får helsa på klassekameratar. Timinga er perfekt for oss til å gå inn i dette oppdraget no, fortel Trond Håkon og Hildur Alice. Me har ikkje lenger born i barnehagen, dei klarar seg meir sjølv, og me er difor litt friare. Samtidig kan kontakt  med foreldre og born i bygda også vera positivt for Helgatun.

Nyttar høvet til å vitna om vår Frelsar
No når me skal over i noko nytt, har me eit stort høve til å få vitna om vår Frelsar. På jobb får me høve til å fortelja om kva oppgåve me skal inn i, og kvifor me vel dette. Ekteparet har fått snakka mykje saman om kva dei går inn i. Dei veit dei går til noko anna enn ein «ni til fire jobb», samtidig som det er viktig å finna balansen mellom jobb og fritid. «Dette er noko Gud har kalla oss inn i», seier dei begge.