Fleire har dei siste åra spent fulgt prosessen på Helgatun med å få på plass ny dagleg leiar etter at Solveig Norheim gjekk av med pensjon frå nyttår av. Hittil har me av ulike årsaker ikkje lukkast med å få ny permanent leiar, og folk etterspør «kva skjer». Me ynskjer difor å gå ut med litt info på vår eiga nettside om situasjonen.

Konstituert dagleg leiar

Solveig Norheim er konstituert som dagleg leiar på Helgatun frå 1. juni inntil vidare. Me er glade for at Solveig igjen vil ta på seg denne ansvarsfulle oppgåva, sjølv om ho eigentleg var innstilt på å gå inn i pensjonistanes rekkjer.

 

Omstruktureringsprosess

Trass i at ny permanent dagleg leiar ikkje er på plass, har me kome eit godt stykke lengre gjennom prosessane me har vore i. Det har vore lærerikt for alle partar. Eit resultat er at me no har engasjert Helge Røyksund som skal inn og kartleggja no-situasjonen på Helgatun. Helge bur på Moster (Bømlo) og er nett blitt pensjonist. Han har drive daglegvarehandel i ein mannsalder, og andre småbedrifter dei siste 15 åra. Han vil blant anna sjå på bemanningsbehov og ulike framtidige driftsmodellar for Helgatun.

 

Avventar litt med å søkja dagleg leiar

Det er viktig at Helge får høve til å gjera si kartlegging før me søkjer etter ny dagleg leiar. Me avventar difor noko med å gå denne runden på ny. Både Helgatunstyret og IMS-styret vil ta viktige beslutningar om kva ein vil med Helgatun vidare; om drifta skal fortsetja som no, eller om noko skal leggjast om. Helgatun er booka i lang tid framover i travel vintersesong, samtidig har me ledig kapasitet resten av året. Dette er noko av det me må ta på alvor, og ynskjer å jobba meir med. Plasseringa av Helgatun er optimal, og fulle av moglegheiter, både vintertid og sommartid. Det blir spennande å gå meir inn i korleis me kan nytta dette potensialet.

 

Me er takknemlege for alle tilsette og frivillige som står på for å drifta Helgatun. Takk til alle som er i bøn for prosessen me skal inn i og dagleg drift vidare.

M.Å.