HJELP oss med ADRESSER!!

IMS har fått ei kjempeutfordring med alle som får nye adresser for tida. Svært mykje post kjem i retur, mellom anna ei stor lading «Venen» frå den siste utsendinga… Posten er blitt standhaftig i returnering! Me vil difor oppfordra alle til å sjekke adressa på post motteke frå oss. Dei som ikkje har fått IndremisjonsVenen nr 5-14 kan rekne med at den ligg hjå oss og ventar på adresseoppdatering…. Vær snill å gi oss korrekt, nøyaktig adresse, me har ikkje ressurser til å finne alle!?! Meld frå til Indremisjonskontoret på post@indremisjonen.no , til Indremisjonskontoret, pb 150, 5401 STORD eller på telefon 53410704.