Av: Marit Hårklau Ådnanes

Intervju med folk på BULK
Under siste måltidet hadde eg ein prat med nokre av dei som var på BULK. Intervjuet med Inger-Elin Nesheim kan du lesa om i IndremisjonsVenen. Her kjem intervju med Jakob Nakling, som har vore på BULK fleire gonger før.

Jakob Nakling si oppleving av BULK

Kva sit du igjen med etter helga?
– Det som traff meg mest er at det er viktig å vera kreativ i leiarsamaheng. Det er bra å tenkja litt nytt!

Var helga relevant for deg?
– Ja, forteljarkurset sette meg inn i historia på ein annan måte, og gav meg nytt perspektiv på historia. Det var ein kreativ måte å formidla til andre på.

Vart du utfordra av noko?
– Eg har lyst til å greia ting sjølv. Eg vart minna om at tru og nåde ikkje kviler på gjerningar. Eg ynskjer å la Gud veksa i livet mitt, og at Gud skal bli ein større del av kvardagen.

Kvifor bør folk reisa på BULK?
– Vi treng dyktige leiarar til å drive barne- og ungdomsarbeid. På BULK får vi god opplæring til å vera gode leiarar, og høve til å tenkja nytt. BULK er òg ein fin møteplass for å treffa andre leiarar og leirleiarar.