Klart for haustmøte på Stord

Leiar for NLM sitt sjelesorg og vegleiingssenter, Gunnar Elstad, og Beat for Beat saksofonist Frøydis Grorud er helgas inviterte gjester. Me gler oss, seier dagleg leiar Svein Bjarne Aase, og kan visa til eit program med mange aktørar.

Hovudtalar i år er Gunnar Elstad 
Han bur i Oslo og er ansatt i Norsk Luthersk Misjonssamband for å arbeida med sjelesorg og vegleiing. Han har tidlegare arbeida i Norges Kristelige Student og Skoleungdomslag som forlagssjef, redaktør av bladet Credo og studentsekretær i Trondheim. Han har også vore bysekretær i NLM sine forsamlingar i Trondheim og Oslo, og arbeida ved Indremisjonsselskapet sitt senter for vekst og utvikling. I meir enn 30 år har sjelesorg og vegleiing vore ei viktig del av arbeidet hans. Denne breie bakgrunnen gjev han ei rik erfaring, og me ser fram til talane han skal ha på haustmøte.

Fredag
Det heile startar fredag i Leirvik bedehus med tema ”Eit liv i Guds nåde”. Då vil også Heidi Rolfsnes delta med song.

Laurdag ettermiddag samlast me til møte i bedehuset der temaet er ”Når livet er vondt og uforståelig”, og her er det Tone Synneve Hellesøy som står for song og musikk. Samstundes er det barnemøte i bedehuskjellaren, så her er det lagt til rette for at heile familien kan delta. Det vert  inviterer på kveldsmat etter møte, før me samlast til stort

Festmøte i Kulturhuset
På festmøte har me fått med oss Frøydis Grorud og eit strålande husorkester. I tilegg vil me få song av Kjerst Østang, Silje og Tore Alvsvåg, og Camilla Hallaråker.

Kveldens gjest

Kveldens gjest i Kulturhuset er saxofonist Frøydis Grorud, kjend frå det populære NRK-programmet Beat for Beat. Ho trakterar dei aller fleste blåseinstrument, men det er likevel som saksofonist ho er mest kjend både frå Beat for Beat, som soloartist og medlem i fleire trioar og kvartettar.   Frøydis er født i 1974 i Skien der ho også vokste opp. Mykje av musikkinteressen og musikaliteten kjem frå den musikalske familien ho vokste opp i. Samman med far sin lytta ho svært mye på klassisk musikk som lita jente, medan hun lærte alle barnesongane på rams av si mor.   I 2009 ga ho ut si fyrste soloplate «Himmeldryss» eit resultat av ein gammal draum om å få spela inn ei salmeplate.

Hun seier sjølv om plata:

”Hvis noen hører et knirk eller et tramp i gulvet stemmer det sikkert. For jeg er ikke ute etter at alt skal være perfekt. Jeg vil ha stemning, ha alle musikerne rundt meg og lage magi sammen”.

I desse dagar gjev ho ut ei ny plate og me ser fram til at ho skal spela for oss på festmøte i Kulturhuset.  Sundag er det gudsteneste i Stord kyrkje der Gunnar Elstad vil vera saman med sokneprest Eirik Aadland Tappel, medan Ingebrigt Sørfonn er saman med sokneprest Aksel Lygre på gudsteneste i Moster kyrkje.

Det heile vert avslutta med mange lokale haustmøte rundt om på fleire bedehus i Sunnhordland og Hardanger.

Her er programmet!