Konsert med Sveinung Hølmebakk og Bømlo Gospel

Sveinung Hølmebakk, songar og komikar, kjem til IMS si årsmøtehelg. Bømlo Gospel har første avdeling før Sveinung fortset kvelden. Velkommen til ein flott kveld!!
Billettar kr 200, kjernefamilie max 500 kr

Sveinung Hølmebakk er ein av tre medlemmer i Nordic Tenors. I 2013 kom han med sin første solosingel «Usynlige spor», som han skreiv til sin far. Sveinung Hølmebakk beveger seg gjerne mellom opera, soul, gospel og popballader. Med humor, varme og stemmeprakt rører og begeistrar han sitt publikum. Hølmebakk er også mykje brukt som konferansier.   Sveinung Hølmebakk bur i Kristiansand, men er født på Karmøy i 1977. Han har mastergrad i utøvande song frå Griegakademiet, Bergen. Han har tre soloalbum bak seg. Sveinung har deltatt i ei rekkje TV-program, deriblant Beat for Beat, Ti på Topp, Kvelden før kvelden, Sommeråpent og Førkveld. Saman med Nordic Tenors vant han Komiprisen for Beste Nykommer i 2006 og var musikalsk toastmaster i HM Kong Harald sin 70- års dag. Gå ikkje glipp av ei stor musikalsk, humoristisk og åndeleg oppleving.

Me er også veldig glade for at Bømlo Gospel vert med. Bømlo Gospel vart starta september 2014, og tilstrøyminga av kormedlemer har vore stor. I dag tel koret rundt 90 medlemer. Publikum veit også å setja pris på koret. Då dei hadde romjulskonsert, var alle plassane i kyrkja fylt opp eit kvarter før start. Koret er under leiing av Laila Hansen Røksund, og har eige band. Koret har svært gode songkrefter, noko me også vil oppleva gjennom gode solistprestasjonar. Me gler oss til konsert!