Det er med stor glede og forventning IMS inviterer til teneste- og leiarkonferanse på Leirvik bedehus siste laurdag i september. Ei engasjert arbeidsgruppe beståande av Johannes Olsen, Kjetil Fyllingen, Sara Brosvik, Arne Lindekleiv, Marte Kvilhaugsvik og Marit Hårklau Ådnanes har utarbeidd program saman med bidragsytarane og IMS-administrasjonen.

faldaren vil du sjå at det er mange involverte gjennom dagen.

Konferansen er for alle interesserte; enten du er leiar i eit barne- eller ungdomslag, med i eit styre, er med i teneste på ulikt vis, kunne tenkt deg å bli med i teneste, ikkje er med – men har lyst å få dagen med likevel. Velkommen uansett!

På KRAFT 2018 vil du treffa mange som brenn for det dei står i. I tillegg til aktuelle tema for undervisning og samtale, er den relasjonelle biten også viktig ein slik dag. Me oppmodar mange om å reisa saman frå ei bygd. Det er mest nyttig og kjekt.
Legg merke til at me legg opp til to prisar; ein ved påmelding før 3. september og ein frå 3. september. Ved påmelding skal du også kryssa av for kva nettverk og seminar du ynskjer å få med deg. Kva speed learning postar du ynskjer å få med, vel du der og då. Betaling ved registrering om morgonen 29. september. Viss det er laget som skal betala for deg, sender me rekning. Det blir påminningar over ferien, men alt no går det an å melda seg på.
Trykk her for program.      
Trykk her for påmelding.