Leirsesongen godt i gong

Haustleirane er godt i gong, når helga er over har me arrangert 4 av våre leirar på Helgatun og Brandøy. Flotte leirar med mykje godt fellesskap, god bibelundervisning, musikk, leik og nye vener. Ennå har vi 4 leirar som gjenstår før jul. Påmeldingane til desse varierer; adventshelg for 5.-7. klasse på Brandøy har lang venteliste medan ungdomshelga på Helgatun eigentleg har for få påmelde nett no. Dette håpar me endrar seg. På dei andre to barneleirane er det god påmelding men enno plass om fleire har lyst å være med. Me ser fram til fleire fine leirar, ver gjerne med å be for deltakarar, leiarar og leirplassane våre!