Lovsongskonsert/Releasekonsert

Me har gleda av å invitere til stor lovsongskonsert 28. mai.

David Andre Østby
Thomas Wilhelmsen m/team frå Lovsangsskolen
John-Inge Rolfsnes (release – EP «Et nådens år»)

Me ønsker dette skal være ein kveld kor vår Skapar og Gud skal få fokus og setjast i sentrum.

Litt om dei som skal leie lovsongen:

David Andre Østby
Då Østby sitt siste album «Eksplosjon» vart lansert, gjekk den rett til topps på iTunes-lista. Det eksplosive salet gav og plata ei plassering på VG-lista. Sjølv om «Eksplosjon» er David André Østbys fyrste soloalbum på fem år, er det ikkje fyrste gong vi høyrer frå lovsongsleiaren på morsmålet. Han har og bidrege som lovsongsleiar på utgivelsar frå blant anna Ungfila Live, Live fra Skjærgårds og Impuls.

Thomas Wilhelmsen
Leiar for Lovsangsskolen som er tilknyttet Acta bibelskole og IMI Kirken i Stavanger. Han står bak fleire flotte lovsongar frå innspelingar med ungdomsbevegelsen Impuls.

John-Inge Rolfsnes
Har skrive eigne låtar i over 25 år. Har tidlegare gitt ut to album med bandet Skrent. Plateaktuell med EPen «Et nådens år» og har release av denne på konserten.

Sett av kvelden, ta med deg dine venner og kom. Dette vil bli ein veldig flott kveld!