Minnemarkering 70 år etter krigen

Kr himmelfartsdag 14. mai kl 11.00

Legg turen til Hiskholmen, Hiskjo

Minneplate for emissæren og bedehuset sin innsats

Ingebrigt S Sørfonn

Kjell Steinsvåg

Karl Johan Hallaråker

Grupper frå Bremnes kantori og

Bømlo Trekkspelklubb

Salg av mat og drikke

Lekmannsrørsla sin innsats under krigen

blir markert med ei samling på Hiskholmen om føremiddagen Kristi himmelfartsdag. Kjell Steinsvåg har markert seg som ein viktig person til å ta vare på historiske minner, og æra dei som gjorde ein ekstra innsats under krigen. Denne gongen er det emissæren og lekmannsrørsla sitt bidrag som står i fokus. Emissærane reiste på naturleg måte frå stad til stad. Slik kunne dei umerka bringa med seg aktuell informasjon som var viktig i motstandskampen mot nazistane og deira sympatisørar.

Til arrangementet denne dagen blir formann i Indremisjonssamskipnaden, Ingebrigt S Sørfonn og tidlegare generalsekretær i ImF Karl Johan Hallaråker med. Det blir song og musikk ved grupper frå Bremnes kantori og Bømlo trekkspelklubb.

Folk frå bedehuset i Hiskjo m fl vil stå for det praktiske og ordna med salg av mat og drikke. Legg gjerne turen til Hiskholmen denne dagen og opplev ein minnerik dag!