No startar ny LEIRSESONG!

Har du eller nokon du kjenner lyst å reisa på leir? Då må du sjekka her og sjå om du finn ein leir som passar!

Vi har leirar på Helgatun og på Brandøy. Helgatun ligg i Myrkdalen, og reiser du på ein av leirane der er det gode muligheter for å få leika ute i snø. På Brandøy som ligg i Vindafjord, kan vi og håpa på snø, men her er det nok større sjans for leik i gymsalen.

På Brandøy startar leirsesongen med Hausttreff for 10. klasse og eldre, så er det Miniadventshelg for 2.-5. klasse, så Ten-Helg for 8.-10. klasse og så avsluttar vi med Adventshelg for 5.-7. klasse. 

På Helgatun startar vi med Juleverkstadleir for dei frå 4 – 10 år med følgje. Seinare er det Førjulshelg for 4.-7. klasse parallelt med Ungdomshelg for 8. klasse og eldre.

På leir har vi det kjekt, her er bibelsamlingar, gruppearbeid, aktivitetar, uteleik, inneleik, kveldssamlingar, leirfest, måltid og kiosk. Kjenner du nokon dette kan passa for, tips dei!