Ny dagleg leiar i IMS

Som kjent har me vore utan dagleg leiar sidan oktober i fjor. Etter ein lang rekrutteringsprosess utan resultat, måtte me sjå på andre løysingar. Det har tidlegare berre vore menn i denne stillinga avdi den har ein hyrdefunksjon. Det som no blir gjort er at me opprettar eit Hyrderåd, noko som gjer at me kan opna for kvinner. Human, eit rekrutteringsfirma, har vore sentrale når det gjeld å få ny leiar på flass. Dei har hatt samtalar med Marit Hårklau Ådnanes, som styret deretter har kalla til ny dagleg leiar.
Me er glade for at Marit har sagt ja. Ho kjenner IMS godt, er dyktig og me trur at ho blir ein god dagleg leiar.

For styret i IMS
Edmund Thormodsæter