Nytt styrarpar til Brandøy

Ekteparet Annbjørg Naterstad Våge (25) og Andreas Våge (26) vil frå hausten bli nytt styrarpar på Brandøy.

Modningsprosess

De fekk spørsmålet også i fjor om å overta drifta av Brandøy. Kva gjorde at de no sa ja?

-Me har vore i ein modningsprosess, fortel Andreas. Me har gått fleire rundar med oss sjølv og Gud, og kome fram til at dette er det rette. Eg sa allereie for eitt år sidan, då me flytta til Bjoa, at me skulle engasjert oss meir på Brandøy, fortel Annbjørg. Me var i ein flytteprosess, det var mykje på ein gong, og me hadde mange tankar i hovudet. Me har køyrt forbi Brandøy nesten kvar dag, og har ofte tenkt at det kunne vore kjekt å jobba på Brandøy.

 

Andreas formell leiar

Ekteparet Våge vil dela på ei 100 prosent stilling som dagleg leiar, der Andreas vil få det formelle ansvaret. Begge to arbeider i dag på Lundeneset, og vil fortsetja med det i delte stillingar. Annbjørg er norsklærar, Andreas administrasjonskonsulent, der han m.a. har jobba med marknadsføring, økonomi og IKT. Ekteparet Våge vil utfylla kvarandre godt. Andreas får hovudansvaret for rammene, medan Annbjørg meir vil ta seg av innhaldet.

 

Glede og tankar vidare

Kva gler de dykk til i ny jobb?

-Moglegheitene som ligg der og utvikling, kjem det kontant frå Andreas, – og treffa folka. Me ynskjer å driva ein god leirplass, der folk kan kjenna seg heime. Me bur på Bjoa, og ynskjer at fleire i bygda skal få større tilknytning til Brandøy. Det er eit mål å få opp aktiviteten også i veka. Tomta og området har store moglegheiter, og bygningsmassen er godt vedlikehalden. Me har inntrykk av at det er mange flotte folk som har eit sterkt engasjement for Brandøy. Me gler oss til å treffa gjester og leirfolk, avsluttar dei begge.