Uro
Med forbehold og håp om at ting kan ha endra seg positivt når Venen kjem ut, trur eg likevel nokon kvar av oss kjenner ein uro over dagleg-leiarsituasjonen i Samskipnaden! Og føl vi med i media, ser vi at vi så absolutt ikkje er åleine om å oppleva leiarmangel.

Forventning – 1
Fred. C. Gjestad skriv ein leiar i Dagen, der han går inn i kva forventning og oppleving kan gjer nettopp for leiarsituasjonen. Ja, er det kanskje slik at nokon av oss går med forventning til at; berre vi får dagleg leiar på plass, så blir alt bra for Samskipnaden? For då kan vel han fiksa alt som fiksast må!? Og vi kan oppsummera med Gjestad: ”-han skal vera åndelig vegleiar, administrator, sjelesørgjar, utbyggingssjef”, og eg vil legge til: personalsjef, økonomileiar, forkynnar, konfliktløysar, møteleiar, pådrivar, inspirator, ide-makar og ansikt utad.

Stillingsinstruksen
Alt dette står ikkje i ”Stillingsinstruksen”, men den er i seg sjølv godt eigna til å skape resignasjon. For vi kan med ein gong sjå at dette må vera definisjonen på eit overmenneske, og dei er det få av i mi verd!

Kva gjer vi med dette?
For noko må og skal gjerast! I følgje Gjesdal, er tanken om teamarbeid aktualisert i fleire samanhengar. Det er ein tanke som har vore oppe også hos oss, og som nok blir ført vidare, men er avhengig av kva personar som melder seg til denne tenesta.

Forventning – 2
Dette var litt om andre sine forventningar til leiaren. Like viktige og reelle er nok leiaren sine eigne forventningar. Ifylgje Torstein Menzoni, forstandar i Tabernaklet i 15 år, opplevde han eit krysspress mellom familien, forsamlinga, eigne og Gud sine forventningar. Vi kan ane at dette ikkje er enkelt! Kan vi berre ein augneblink sjå for oss den eine leiaren, som kvar dag lever med ”instruksen”, kallet, og alle andre sine behov for å bli tatt vare på, på skuldrene. Ser vi endå betre etter, kan vi kanskje sjå ein leiar som sjølv har behov for å bli tatt vare på! Sitat Menzoni: ”Å overyte ligger snublende nær!”

Teamtanken
Her kjem Teamtanken inn! Og den er bibelsk! Ikkje for ingen ting at læresveinane vart sende ut to og to, og ikkje kvar for seg. Då kunne dei utfylla, oppmuntra og støtta kvarandre. Teamarbeid gir ein heilt ny dimensjon og høve til å la nådegåvene koma til sin rett. Ein får meir gjer det som Gud har gjort ein god på, og bruka dei gåvene som Gud i sin nåde har utrusta ein med! Ein sit lettare att med ei god oppleving av at det fungerer fordi det er ein ved sida som kan det den andre ikkje kan!

Bønn
I skrivande stund sit eg med håp og bøn om at det finst personar som kjenner at dette er eit kall til dei. Gud talar, men han har til alle tider gjort seg avhengig av menneske som lyttar til det han seier. ”Tala Herre, tenaren din høyrer”, sa Samuel i Tempelet.

Til slutt til alle Indremisjonsvener:
Uansett korleis situasjonen i lesande stund skulle vera, husk di oppgåve der du bur, til å vere ein medleiar, både for noverande og framtidig dagleg leiarskap i vår kjære Indremisjonssamskipnad! Gud velsigne kvar og ein!
Marit Lindekleiv

Les mer om den ledige stillingen her!