Øystein Søndagsskoleshow

Øystein og Chris kjem til Bremnes! Dei vil halde show i Bremnes sentrum laurdag 20.juni kl 14. Mange kjenner til den fritt-talande dukka og slektningen hans frå årsmøte i fjor, eller frå CD`ar og opptredenar andre stader. Tidlegare har showet vore i traileren deira, men dei har no fått seg buss. Bømlingane er dei første som får besøk av show-bussen. Showet passar for store og små, humoren og innhaldet er treffande. Alle i Bømlo kommune vil få tilsendt ein CD i gåve i juni, med invitasjon til showet for dei som ynskjer. Bussen vil (for lokalkjende) stå nedanfor gamle banken på Svortland, og me håpar på godt oppmøte denne laurdagen. Ynskjer du lese meir om prosjektet kan du gå inn på www.ellerstakk.no . Velkommen!

Plakat Bremnes