Øystein Søndagsskoleshow

Øystein og Chris frå UiO kjem til Husnes 21.juni! I høve IMS sitt årsmøte og jubileum vert det stort show ved Husnes Storsenter laurdagen kl 14. Øystein Søndagsskoleshow er ein kampanje for å nå alle i kommunen med evangeliet, og dei kjem med eigen trailer og «ferdig opplegg»:)

I forkant av arrangementet blir det delt ut CD frå Øystein & Chris saman med informasjon om showet. Her har me òg lagt i informasjon om jubileumshelga, om alle IMS sine barne-/ og ungdomslag samt søndagsskulelaga. Gode dugnadsarbeidarar har hjelpt oss å legge heile 5390 pakkar i plast klar for utsending 🙂

For at arrangementet skal væra ope for alle vert det lagt vekt på fråverande dørterskel. Showet vert difor halde utanfor Husnes Storsenter frå traileren, og me håpar mange kjem, både årsmøtedeltakarar og lokalbefolkning!!

lastebilbilde