Angnes Sesilia Andersen, Kjersti Haugen, Gjertrurd Krakk og Trude Krakk kjem alle frå Vindafjord, og var på BULK for fyrste gong.

Har de nokre stikkord etter helga?
– Lærerik, kjekk, veldig interessant, koselege folk, kjem det ganske kontant. Det var ikkje slik eg trudde, seier Kjersti. Me visste ikkje så mykje om helga før me reiste. Me trudde at det berre var ungdom her, men det var veldig ok at det var vaksne her òg.

Var opplegget for vakse?
– Det har vore bra, ikkje for vakse, er jentene einige om. Eg trur me får bruk for det seinare, seier Kjersti. Garantert, skyt Agnes inn. Spesielt var forteljarkurset bra. Det var ein annan måte å setja seg inn i bibeltekstar på. Me var der liksom. Dette kan me få bruk for både i søndagsskulen, speidar, til mindre søsken og mykje anna.

Har de blitt kjent med nye?
– Ikkje så mange, er dei einige om. Men me hadde jo kvarandre. Me har blitt litt kjent med nokre frå Odda, og så vart me kjent med elevane frå Bildøy, avsluttar Agnes, Kjersti, Gjertrud og Trude.