No startar ny LEIRSESONG!

Har du eller nokon du kjenner lyst å reisa på leir? Då må du sjekka her og sjå om du finn ein leir som passar!
Vi har leirar på Helgatun og på Brandøy. Helgatun ligg i Myrkdalen, og reiser du på ein av leirane der er det gode muligheter for å få leika ute i snø. På Brandøy som ligg i Vindafjord, kan vi og håpa på snø, men her er det nok større sjans for leik i gymsalen.
På Brandøy startar leirsesongen med Hausttreff for 10. klasse og eldre, så er det Miniadventshelg for 2.-5. klasse, så Ten-Helg for 8.-10. klasse og så avsluttar vi med Adventshelg for 5.-7. klasse.
På Helgatun startar vi med Juleverkstadleir for dei frå 4 – 10 år med følgje. Seinare er det Førjulshelg for 4.-7. klasse parallelt med Ungdomshelg for 8. klasse og eldre.
På leir har vi det kjekt, her er bibelsamlingar, gruppearbeid, aktivitetar, uteleik, inneleik, kveldssamlingar, leirfest, måltid og kiosk. Kjenner du nokon dette kan passa for, tips dei!
Pit Stop på Leirvik Bedehus
Lytt til taler fra KRAFT 2018 – Teneste- og leiarkonferanse

No kan du lytte til nokre av talane frå KRAFT 2018 på podcasten vår.
Du finner den her: https://www.podomatic.com/podcasts/indremisjonssamskipnaden
Du kan også laste ned presentasjonen til Trond her:
Det nærmar seg tid for Haustmøtehelg

Det er med stor glede vi atter ønskjer velkomen til Haustmøtehelg på Leirvik. Denne gong med litt endringar i opplegget.
Fredag kveld vert det Go’fredag slik det har vore dei siste åra. Dette skal vera ein kveld fylt opp med smil og alvor, god mat og god prat. Ein kveld med senka skuldre. I år vert Astrid Dalehaug Norheim med og snakkar om «Kraft til kvardagslivet». Praise frå Skjold/Vats har ansvar for å leia oss gjennom det musikalske, Marinaden på Bremnes leverer maten, og Svein Bjarne Aase vil leia oss gjennom kvelden. Husk å meld deg på i tide, du kan gjera det her!
Laurdag er det klart for IMS sin eigen teneste- og leiarkonferanse KRAFT 2018. Ein konferanse for alle interesserte, enten du er leiar i eit barne- eller ungdomslag, med i eit styre, er med i teneste på ulikt vis, kunne tenkt deg å bli med i teneste, ikkje er med – men har lyst å få dagen med likevel. Velkommen uansett. Her kan du melda deg på!
Søndag vert det lokale haustmøte rundt om i bygdene. Sjå plakaten og finn næraste møte du kan gå på.