Pit stop

Pit stop Leirvik bedehus 10.-12. oktober
Håpar du som er ungdom har sett av desse dagane i haustferien. Pit stop byrjar torsdag kveld med kveldsmøte og kafè. Fredagen og laurdagen er det spennande program heile dagen. Sjå program her!

Talarar
Fleire kjenner Ruben Lie Monsen frå skiweekend og Lyngdal Bibelcamp. Ruben skal ha første kveldsmøte og bibeltime fredag og laurdag. Torgeir Nygård, også kjent frå skiweekend, skal ha kveldsmøte fredag og laurdag kveld. Kom og høyr! Blir veldig bra!

Dating og singelliv + fleire aktuelle seminar
Fredag kl 1600 ser du av programmet at me skal ha seminar med tema «Dating og singelliv». Morten Eikli, kjent frå m.a. Skjærgårds, skal ha dette seminaret. Han vert også med på «Grill ein kristen» etterpå. Sjekk elles seminara laurdag. Gode seminarhaldarar med aktuelle tema. Du kan velja eitt seminar kl 1600 og eitt anna kl 1730.

Lovsong og kafè
Ei lovsongsgruppe frå Bergen leier i lovsong under møta. Dette blir megabra! Før og etter kvart kveldsmøte vert det kafè i ungdomslokala i kjellaren. Dagtid vert det sal av middag til kr 50,- (et så mykje du vil).

Aktivitetar fredagen
Fredagen etter bibeltimen vert det ulike aktivitetar; bading i Kulturhuset, aktivitetar i gymsalen på Leirvik skule, spel og prat på bedehuset m.m. Ta med evt klede til den aktiviteten du vil vera med på.

Overnatting
Meld deg på her på nettsida (påmeldingsskjema under kalender) om du treng overnatting. Fristen for påmelding overnatting er satt til måndag 7. oktober. Morten Habbestad og Silje Hallaråker er overnattingsansvarlege. Du som skal overnatta, får eige info-skriv. Det er meininga at du fiksar frukost sjølv m.m. Sosialt og kjekt på Leirvik skule 🙂

Samarbeid
Pit stop er eit samarbeid med leiarar i lokale ungdomslag, ImF-ung, IMS – og i år også DnK, altså kyrkja. Kyrkja på Bømlo og Stord har sendt ut invitasjon til alle 10. klassingane. Spesielt velkommen til dykk 🙂