Pit stop – ei oppklaring om alder

I skrivande stund er det full aktivitet på Leirvik bedehus; like før Pit stop start. Me ser med forventning fram til kjekke dagar, fullt hus, god undervisning, kjekke aktivitetar og flott fellesskap.

Alle er velkomne!
I tilfelle du skulle lura; Alle ungdommar er hjarteleg velkomne. 10. klassingar er inviterte av kyrkja på Bømlo og Stord som ein del av trusopplæringa. MEN; alle ungdommar er velkomne uansett. Og er du vaksen eller annan alder, er du også veldig velkommen til å stikka innom og sjå korleis me har det. Ver gjerne med og be for arrangementet 🙂