Snart klart for KRAFT-helg

Til helga skjer det mykje på Leirvik Bedehus. IMS arrangerer KRAFT-helg. Mange har allereie meldt seg på til Go’fredag (fortsatt muleg å melda seg her), og KRAFT-konferansen (du kan melda deg her). Vi minnar om at «Vi møtest» på laurdag kveld kl. 19.30 er eit møte som er ope for alle. Her vert mykje spennande å få med seg: Andreas Evensen UNG-leiar i ImF skal tala, Kerysso frå Sveio skal leia allsongen og i tillegg synga sjølv. Sara og Torbjørn Brosvik vert med som kveldens gjester.

Søndag vert det lokale haustmøte rundt i bygdene: Gilje, Halsnøy, Uggdal, Fosse, Hiskjo, Øvrebygda, Husnes, Mosterhamn og i Samnanger.

Hjarteleg velkommen til ei spennande helg på Leirvik!