Sommarens Storsamling og Årsmøte 2017

IMS si største satsing for 2017 nærmar seg. 16.-18. juni vert Sommarens Storsamling gjennomført i Norheimsund, denne gongen i splitter nye Framnes Arena. Fredag vert det innviing av hallen og konsert. Laurdag er det bibeltime, årsmøteforhandlingar, familiekonsert, kveldsmøte, måltidsfellesskap og meir. Søndag samlar me til festmøte med søndagsskule og familiemøte, altså ei rikhaldig stemnehelg.

Påmelding her eller via IMS-kontoret er nødvendig for god planlegging.

Me vonar dei aller fleste av våre lag ser verdien av å sende sine utsendingar til årsmøte, informasjon er sendt i brevform til alle lag og foreiningar. Elles er alle, uansett tilknytning, velkomne til møter og samlingar. Me sjåast!

Program Sommarens Storsamling 2017

Sommarkveld 2017

Konsert 2017