Førstkomande søndag er det duka for stort misjonsstemne i Moster Amfi. Indremisjonssamskipnaden (IMS) samlar stadig born, unge og vaksne rundt på bedehus i Sunnhordland, Hardanger og Voss. No er me klare for ei utandørssamling for alle generasjonar.

Ragnhild Hanssen syng solo, og leier allsong saman med andre songarar. Ho har mannen Vegard med på bass. Ragnhild, opprinneleg frå Fylkesnes, skriv songar sjølv. «Herre Krist, eg flyr til deg» er ein av dei. Den vart skriven til damehelga på Brandøy februar 2016.

 

Ingebrigt S. Sørfonn, formann i IMS, vert talar for dagen. Hans forkynning er livsnær og engasjerande, og han har ein flott måte å formidla evangeliet på. Me er glade for at kyrkja på Bømlo har satt av dagen til Amfistemnet. Sokneprest Asbjørn Gundersen vil ha ei opningshelsing.

 

Mange frivillige i lokallag på Bømlo stiller denne dagen. Det vert søndagsskule i amfisalen under sjølve møtet. Stemnet byr også på open kafé og det vert grilling av hamburger og pølse. Utover ettermiddagen vert det ulike familieaktivitetar på Kyrkjestølen. No håpar me berre på godt ver, og at mange finn vegen til Moster Amfi.

Moster Amfi 2016