Spring for Helgatun!!!

Sett av datoen 22. april på ettermiddagen. Då vert det MISJONSLØP for nytt kjøkken på HELGATUN. Løpet blir arrangert på Leirvik, og alle er velkomne til å delta, enten ved å springa, gå eller sponsa andre.

Me har ein flott leirplass ved foten av Vikafjellet, men 40 års bruk har sett sine spor. Oppgraderinga er nødvendig og i full gong, og det er ingen hemmelighet at slik kostar.  Gi oss ein lyd dersom du vert med å spring, me treng mange engasjerte vener til å gjera ein innsats. Då blir dette både sosialt, kjekt og ikkje minst innbringande for den flotte leirplassen vår i Myrkdalen. Vedlagt ligg info og sponsorskjema. Saman kan me hjelpa Helgatun 🙂 Sjå òg Facebook-sida vår

10926219_812076272207412_1401624622756448222_n

11133675_812077145540658_2574314234414381707_n