Temadag til inspirasjon og bevisstgjering

– for alle interesserte

Komande laurdag 7. februar arrangerer IMS temadag på Salem, i samarbeid med Moster Indremisjon. Les meir..

Tema kl 1100 -1300: «Nådegåver og helbreding»

Olav Eikemo, vår eigen forkynnar, vil undervisa i «Nådegåver og helbreding». Olav deler erfaringar frå eige liv og vil gå inn i den Bibelske forståinga av temaet.

 

«Tru i heimen» kl 1400-1600

Då me gjennomførte Foreldreskulen på Gilje i haust kom det mange positive tilbakemeldingar på kor viktig temaet er. «Dette burde vore eit tilbod til alle kristne foreldre», var eit utsagn. No har de sjansen! All forskning seier at det er foreldra som har størst påverknad på sine barns tru. Her har me store moglegheiter. Nyttar me dei? Korleis kan me vera med og oppgløda kvarandre og bevisstgjera kvarandre? Jorunn Singstad Djupvik, som til dagleg jobbar i Bibelleseringen i Oslo, vert med. Ho snakkar varmt og ope om temaet, utan at du skal kjenna på dårleg samvit for alt du ikkje har fått til.

 

For deg som vil gå i gong med kurs i di heimbygd

Kanskje vert du så inspirert av det du høyrer Jorunn fortelja, at du tenkjer «dette må fleire få del i». Jorunn har treffpunkt i etterkant (kl 1615) for deg som vil vita litt meir om kurset. Marit Ådnanes vert også tilstades, og kan dela erfaringar frå kurset dei hadde på Gilje i november.

 

Matpause

I pausen kl 1300-1400 vert det servert pizza (ta med pengar). Me tar opp «bestilling» på første seminarbolk. Elles vert det kaffi/te med litt snacks.

 

Heile eller deler av dagen

Me anbefalar sjølvsagt at du får med deg heile dagen på Salem. Skulle du av ulike grunnar ikkje få dette til, kom og få med deg det du har høve til.

Spre vidare til aktuelle! Sjå heile plakaten på Temadag Moster 7. feb 2015