Velkommen til Haustmøtehelg

Jan Gossner kjem
4.-6. oktober blir det på ny haustmøtehelg i regi av Indremisjonssamskipnaden (IMS). Jan Gossner blir hovudtalar. Han har vore rektor på Høgskulen i Staffeldtsgate, pastor i Kristiansand frikyrkje og har dessutan vore aktiv i Oase-rørsla. Gossner har vore med på haustmøtehelga to tidlegare år, og er etter kvart blitt godt kjent.

Tema: Fellesskap
Han skal i år ta opp eit viktig tema, nemleg «Fellesskap». Fredag kveld blir temaet i Leirvik bedehus «Fellesskap – under og plunder». Laurdag ettermiddag skal Gossner snakka om «Så langt, men ikkje lenger». Fostrar me disiplar, eller kva blir det ut av fellesskapa våre?

Lovsong – eige barneprogram laurdag kl 1630
Fredag kveld leier ei lovsongsgruppe frå Halsnøy oss i lovsong, og laurdag ettermiddag bidreg ei samansett lovsongsgruppe under leiing av Ragnhild Nesse. Ho og Camilla Myklebust vil også syngja solo. Våre nye ungdomsarbeidarar, Linda Aase og Lars Magne Ådnanes, vil leia denne samlinga. Samstundes vert det barnemøte i kjellaren, så her er det lagt til rette for at heile familien kan delta. Det vert også invitert til kveldsmat etter møtet.

Festmøte i Kulturhuset
Laurdag kveld satsar me på fullsatt sal i Stord Kulturhus. I tillegg til Gossner, har me med oss vårt eminente husorkester under leiing av John-Inge Rolfsnes. Arne Pareli, songevangelist i ImF, bidreg med solosong. Til dagleg studerer 23-åringen frå Harstad ved Griegadademiet i Bergen. Medan medstudentar drøymer om å stå på scenen i store internasjonale operahus, drøymer Arne annleis.  Då eg var liten drøymde eg om å bli misjonær i Brasil, seier han. Deretter var det vekkingspredikant som var planen. Etter kvart skjønte han at songen og musikken var den gåva han hadde fått. Sidan 2009 har Arne vore på fleire turnear og aksjonar med Marit og Irene. Elles har han heia på Brann sidan han var liten. Det må vera ein genfeil, seier han, for ingen andre i familien held med Brann. Då er kanskje Arne også glad for å møta kveldens gjest; Helge Nilsen, toppspelarutviklar i Brann. Nilsen er bevisst si rolle på å vera heildagskristen, og me gler oss til å høyra han fortelja frå sitt liv med «fotballgutta».

Gudstenester og møter søndagen
Søndagen er det gudsteneste i Stord kyrkje der Jan Gossner vil vera saman med sokneprest Eirik Aadland Tappel, medan Erik Furnes, generalsekretær i ImF, er saman med sokneprest Asbjørn Gundersen på gudsteneste i Bremnes kyrkje. Helga vert avslutta med møte rundt i mange lokale bedehus. Velkommen til gode møtepunkt med aktuell undervisning og eit ope, inkluderande fellesskap!

Sjå program for haustmøtehelga her!