Vintermøte Bremnes kyrkje

Velkommen til Vintermøte i Bremnes kyrkje søndag 2. februar kl 1900.

Det er dei lokale indremisjonsforeiningane som arrangerer, og dei har fått med seg lokale songkrefter. U-alpha på Laurhammer fortel om arbeidet og Israelsturen dei var på i haust. Astri L. Sakseide vert også gjest. Ho har fått ei spesiell gåve i å komponera songar, og dette vil det bli smakebit på denne kvelden.

Edvard Foss vert talar. Edvard er lærar på Bibelskulen Bildøy, som for øvrig feirar 30 år på Bildøy og 125 år som Bibelskule denne helga.